lørdag 15. oktober 2011

Livet er
godt
frustrerende
vondt
hærlig
kanskje ikke Livet er dette
men øyeblikk
møter med mennesker
ting
hendelser
Livet det bare er
men det er ikke bare det
tenk at livet er
det kunne jo ikke vært
men
Livet er

tirsdag 11. oktober 2011

Tilbake igjen

Har ikkje hatt lyst til å blogge noko sidan alt skjedde i sommar....... 22.juli var sterkt og umogeleg å beskrive for meg på ein blogg!
Etter det har det vore vanskeleg å kome igong med blogginga, men no gjer eg eit nytt forsøk.

Det er no spanande å sjå om nokon i det heile kjem til å lese denne bloggen, sidan eg er så ufatteleg dårleg til å oppdatere den, men me får sjå.

Mykje har skjedd dei siste månadane, men eg tenkjer ikkje å ta ei oppsummering av dei. I dag har eg ikkje gjort stort, berre lagt heime i senga pga ryggsmarter og magesmerter pga hersens mensen. Temmeleg unødvendig synes eg, men så lenge det ikkje er verre ting eg har å klage på skal eg vel vere fornøgd.

Dagens oppmuntring; Ylvis! Eg ler så mykje av dei to!! For ei gåve dei har fått til å underhalde!
Veit du ikkje kven dei er? Sjekk dei ut på youtube, sjå I kveld med Ylvis på tvNorge mandagar og onsdagar ,eller skaff deg ein billett til showet deira på Edderkoppen teater no i desember. Vel verdt pengane! (noko som minner meg på at eg bør kjøpe meg billett snart sjølv!)

No er klokka blitt halv 3 og eg skal opp klokka 7 for å fare på skulen og innser at eg bør leggje meg til å sove. Ikkje så lett alltid, og det er jo no eg helst vil vere oppe å skrive litt.... jaja, eg får skrive imorgon (og då helst på oppgåvene eg må levere istadenfor noveller eller songar eller andre ting eg heller gjer:p).

søndag 17. juli 2011


Når vart rundballar firkanta??

Dette var eit av spm som opptok meg då eg gjekk tur rundt nydelige Østensjøvann igår kveld.
Kan nokon hjelpe meg? Kvifor er dei firkanta?

Eg vart overraska ca den 5.gongen eg såg på dette biletet; det er skrivefeil!! noko eg ikkje oppdaga før det.....

Men det eg eigentleg tenkte på når eg tok dette biletet var kor utruleg heldig eg er som bur i trygge Norge! Eit elektrisk gjerde er det eg blir advart mot....ikkje minefelt eller liknande...




Fleire bilete seier du? dei kjem seinare, no skal eg sjå om eg klarar å finne eit kjolemønster...?

tirsdag 12. juli 2011

Skjærgårds 2011

Skjærgårds 2011 er over.... litt trist og litt deilig;)
Ei kjempeflott veke med hærlige mennesker, god musikk, lite søvn og masse (!) kaffikoking er over og går inn i det som vert kalla fortid.

Eg har hatt ansvaret for SG LIVE sin kafé, noko eg trivest svært godt med! Kjekke sommarkurs-deltagarar og team-folk som stod i kaféen og gjorde ein flott jobb. Eg har kokt nok kaffi for eit heilt år, utan å drikke ein einaste kopp. Eg er framleis forundra over at nokon kan fylle kaffikruset sitt så mange gongar på eit døgn som enkelte gjorde!

God musikk er også eit av høgdepunkta på SG, og for min del står sjøbua-konsert med Jimmy Needham, samt hovedscena med Newworldson, Ole Børud og Leeland på toppen av lista=)

Gode samtalar vart det og eindel av, både med deltagarar, kurs-deltagarar, team-folk, medarbeidarar, artistar og andre:) Set stor pris på å få mogelegheita til å møte så masse flotte folk! Kjenner eg blir varm om hjartet her eg tenkjer på det!
Ei dame eg likte svært godt og som eg beundrar er Kelly Needham, kona til musikaren Jimmy. Ho har ein blogg eg har lese litt på før og anbefalar alle å ta seg ein tur innom! Ho skriv godt, og har gode perspektiv på ting og tang=)
http://kellyneedham.wordpress.com/

Gud burde vore første prioritet under SG, og var det vel til tider også. Men eg har ein tendens til å gkløyme Han litt når eg lurar på kva varer som må hentat no, eller kven eg skal setje opp på den vakta eller kva eg skal gjere når eg skal stenge eller eller.... Men Gud var med heile tida; Takk! Håpar mange fekk møte Gud under SG, både for 1. og nt-gong! Det var sterkt for meg når eg kunne stå saman med mine kjære søskenbarn og tremenning og synge med Leeland for full hals; "All Your children will strech out their hands and pick up the crippled man. Father we will lead them home" Det er mitt ønske og mi bøn for året fram mot neste SG; at eg og mange med meg kan vere med å vise vegen heim....

PS: bilete kjem i ein anna post.....;)

fredag 1. juli 2011

Sjekk ut bloggen; http://the-list.co.il/en/
No he ej laga mi eiga liste (den blir på engelsk sidan bloggen til Yuval er på engelsk og hebraisk. Engelsk valgte ej då...)

1. Write at least 5 short stories for my book

2. Write 3 songs or more


3. Start to learn a new language (can’t decide yet, but Spanish, French, Arabic and Hebrew are on my wish list…)


4. Sing for an audience (hopefully one of my own songs)


5. Go to Aserbajdsjan


6. Get A on one of my exams


7. Run around Østensjøvannet 10 minutes faster than today (wow, I have to train hard, even though I don’t run fast now either…..)


8. Make a dress


9. Go on a date


10. Update my blog at least once a week ;)
Hey!

Ny dag, nye muligheter:)
No skal eg snart ta til på å sy igjen. Igår fekk humøret seg ein skikkelig knekk då symaskina bestemte seg for å streike og berre sette fast tråden heile tida. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg måtte skru den frå kvarandre for å løyse opp...... men eg tek snart til på nytt med håpet og trua som følgesvenner;)

Det eg skal sy er eit forheng til kafèen på Skjærgårds som eg har ansvaret for. 2 x 6.5 m..... og maaaange opphengsting (som eg ikkje veit heilt kva eg skal kalle).
Men i alle fall, er svært takknemlig om nokon vil sende ei bøn eller to til Sjefen om at det skal gå bra.:)
Oddbjørg minte meg på her ein dag at eg faktisk har ein blogg!!
Heilt ærleg kan eg sei at eg hadde gløymt at eg hadde ein....det seier litt om kor mykje eg har skrive her i det siste, men også ein del om kor god (dårleg) hukommelse eg har! Passord for å logge på var også heilt vekke, men maskina har betre minne enn meg ;)

Så no har eg eit forsett; skrive nokre oppdateringar framover! Eg lovar, eg skal verkeleg prøve!!=)

Men no er det dessverre altfor seint til å skrive noke fornuftig, for eg må nok legge meg.

Eg kryssar alle fingrane for at eg skal klare å hugse at eg har ein blogg framover....:p