onsdag 23. september 2009

Keisamt å vere sjuk!

Ja, no har eg hatt verk i kroppen, vore svimmel og kvalm i ca 48 timar, og synes det godt kan stoppe no! I går syns eg faktisk litt synd på meg sjølv då eg ikkje orka noko som helst og berre verka over alt.

Men så kom eg på ein ting; dette var slik eg ofte følte meg i dei foregåande åra då eg var sjuk. Er det ikkje rart at me gløymer ting så lett?
Brått er det vanleg for meg å vere frisk og orka det eg vil, så no er eg blitt slik at det er eit ork å vere småsjuk av influensa. Eg trur eg må bli meir takknemlig for dei mange mange gode dagane eg har no, framfor å fokusere på dei der eg er sjuk. Så no seier eg; jaja, eg har litt influensa (framleis keisamt!), men mange har det verre, og eg er snart frisk att! Takk Gud for at eg er så frisk som eg er, og at eg sikkert er oppe og spring (eh, vel, rettare å sei gå og joggar, men det heiter jo intervalltrening på fint, så då er eg fornøgd:P) rundt Østensjøvatnet om nokre dagar=)

Keisamt å vere sjuk, men du og du kor kjekt det er å vere frisk tross alt!:)

torsdag 17. september 2009

turistar

Kva ser dei her? (Kristine, Mari og Conrad)

Jo, her ser me faktisk Gokstadskipet!



Mari og Conrad er svært interesserte:)



Thuneskipet, kult eller kva?






Kristine fann seg ein flott plass å stå og fundere over ting

Eg med eit lurt smil, som pappa seier at ikkje lovar godt;)

Eg innser at han vel kanskje kan ha eit poeng der eg sit og ser etter folk eg kan skremme......






Kristine er òg fascinert av Thuneskipet

Skulle berre mangle når det var så kult:)





Osebergskipet


Gravhytta frå Osebergskipet, der den mektige kvinna låg

Mellom tinga som ho hadde med seg var denne sleden, som var temmelg makaber! Ein kan sjå at folka er nagla gjennom halsen; Mari er sjokkert i bakgrunnen.

Skomoten kjem att etter 1200 år..... Osebergkvinna hadde nemleg desse:)







Mari og måsen ser utover hamna

Måsen ser igrunn temmelig fornøgd ut, sjølv om han ikkje fekk noko å ete.
Forresten, Trygve; kan du fortelje meg kva måse dette er, og om det er han eller ho?


Mari og Kristine, mine flotte sambuarar!

Eg og Kristine på festninga

Conrad, Kristine og meg

Vikingskip

No sidan søndag har me hatt besøk her i Skappels vei 1 av ein amerikanar med namn Conrad, som Mari kjende. Veldig kjekt å ha besøk av nokon ein kan prate så lett med. Me har òg vore turistar i eigen by, var vel på tide for meg å sjå festninga?? ;) Det kan i alle fall anbefalast på det varmaste, kjempeflott der!

Men i går tok me altså turen til Bygdøy og Vikingskipshuset. Osebergskipet var det einast eg kunne huske å ha høyrt om på førehand, men det var jammen mykje å lære der!
Osebergskipet vart funnen i ein gravhaug på Oseberg. Det vart bygd rundt år 820, altså for nesten 1200 år sidan!! Det er heilt utruleg at det kan fortsatt vere i så bra stand som det er!
Og ein annan ting; det vart brukt som gravskip for ei kvinne! Eg har alltid trudd at damene hadde ein lav status i vikingtida, men denne dama hadde høg status!! Ho vart gravlagt i 834, med ei trellkvinne, fleire sleder og maaaange andre gaver!

Skipa skulle vere farkostar for eigarane si siste reise, til dødsriket. Rart at dei vart berre begravd slik, eller haugsatt som det jo heiter;)

Men det eg verkeleg likte, var Thuneskipet, for det var temmeleg øydelagd, og dermed utruleg kult! vanskeleg å forklare kvifor, trur du berre må ta deg ein tur å sjå på det sjølv!!

Hadde store planer om å leggje ut bilder frå turen òg, men foreløpig har eg ikkje klart å laste ned programvaren frå Canon slik at eg kan legge inn bilder på denne dataen...kjipt!


Og ein anna ting; eg såg bilete av læraren min på museet!! Det var i tilkknytning til undersøkjelse av osebergmannen, og korleis ein kunne finne ut mykje om folka ved å studere knoklane deira. Min anatomi-professor er temmelig dyktig kan ein seie=)

Elles er det ikkje dyrt for studentar å ta seg ein tur dit; 35 kroner for oss som ikkje går på UiO, og gratis for dei som faktisk går på UiO, då det er eit universitetsmuseum.... så ta deg ein tur; kjempekjekt!!=)

Bilder kjem forhåpentligvis om ikkje lenge:)

onsdag 16. september 2009

Forresten, nokon som veit korleis eg kan få flytta den overskrifta til venstre, og ikkje midt på?
Då har faktiskt Kristin òg oppretta ein blogg! Kanskje er dette litt seint, men betre seint enn aldri=)
Drømmeverden er namnet på bloggen min, trur nesten eg må forandre den til nynorsk tenkjer eg no når eg sitt her og skriv....
men i alle fall er det slik at namnet på bloggen ikkje handlar om at eg gjerne vil ha ei verd som er perfekt, sjølv om det absolutt er eit ønske;) Nei, det har seg slik at eg er altoppslukande når det gjeld ulike verder. Film, tv-seriar og bøker er fulle av verder som eg forsvinn inn i. Eg trur eg har ei eiga evne til å leve meg inn i kva det skullle vere; fantasy, sci-fi, eller kva som helst!
Så bloggen min kjem nok til å handle om alt mellom Himmel og jord, alt på jorda, alt i Himmelen(i alle fall det eg drøymer om skal vere der:P), alt i dei forskjellige draumeverdene og mesteparten i mitt hovud! Ikkje minst det som rører seg i hjerna mi (forresten vanskelig å få tak på korleis tankar blir til....elektriske impulsar og minnelagring er rart!!)
Men ja, det er berre å hengje på framover. Kanskje vert det noko interessant for deg, kanskje ikkje......lov å komme med innspel på ting du vil at eg skal skrive om òg:)
Ha ein strålande dag alle de som har klart å forville dykk inn her!