tirsdag 12. juli 2011

Skjærgårds 2011

Skjærgårds 2011 er over.... litt trist og litt deilig;)
Ei kjempeflott veke med hærlige mennesker, god musikk, lite søvn og masse (!) kaffikoking er over og går inn i det som vert kalla fortid.

Eg har hatt ansvaret for SG LIVE sin kafé, noko eg trivest svært godt med! Kjekke sommarkurs-deltagarar og team-folk som stod i kaféen og gjorde ein flott jobb. Eg har kokt nok kaffi for eit heilt år, utan å drikke ein einaste kopp. Eg er framleis forundra over at nokon kan fylle kaffikruset sitt så mange gongar på eit døgn som enkelte gjorde!

God musikk er også eit av høgdepunkta på SG, og for min del står sjøbua-konsert med Jimmy Needham, samt hovedscena med Newworldson, Ole Børud og Leeland på toppen av lista=)

Gode samtalar vart det og eindel av, både med deltagarar, kurs-deltagarar, team-folk, medarbeidarar, artistar og andre:) Set stor pris på å få mogelegheita til å møte så masse flotte folk! Kjenner eg blir varm om hjartet her eg tenkjer på det!
Ei dame eg likte svært godt og som eg beundrar er Kelly Needham, kona til musikaren Jimmy. Ho har ein blogg eg har lese litt på før og anbefalar alle å ta seg ein tur innom! Ho skriv godt, og har gode perspektiv på ting og tang=)
http://kellyneedham.wordpress.com/

Gud burde vore første prioritet under SG, og var det vel til tider også. Men eg har ein tendens til å gkløyme Han litt når eg lurar på kva varer som må hentat no, eller kven eg skal setje opp på den vakta eller kva eg skal gjere når eg skal stenge eller eller.... Men Gud var med heile tida; Takk! Håpar mange fekk møte Gud under SG, både for 1. og nt-gong! Det var sterkt for meg når eg kunne stå saman med mine kjære søskenbarn og tremenning og synge med Leeland for full hals; "All Your children will strech out their hands and pick up the crippled man. Father we will lead them home" Det er mitt ønske og mi bøn for året fram mot neste SG; at eg og mange med meg kan vere med å vise vegen heim....

PS: bilete kjem i ein anna post.....;)

1 kommentar:

  1. Hey du:) Så skjønt at Skjærgårds blei bra!
    Ta deg nåken skikkelige fridagar nå, det fortjene du!
    Og, forresten...eg minte deg på at du hadde ein blogg, i dag minte du meg på at eg må sjekka an;)
    Klem.

    SvarSlett