lørdag 15. oktober 2011

Livet er
godt
frustrerende
vondt
hærlig
kanskje ikke Livet er dette
men øyeblikk
møter med mennesker
ting
hendelser
Livet det bare er
men det er ikke bare det
tenk at livet er
det kunne jo ikke vært
men
Livet er

tirsdag 11. oktober 2011

Tilbake igjen

Har ikkje hatt lyst til å blogge noko sidan alt skjedde i sommar....... 22.juli var sterkt og umogeleg å beskrive for meg på ein blogg!
Etter det har det vore vanskeleg å kome igong med blogginga, men no gjer eg eit nytt forsøk.

Det er no spanande å sjå om nokon i det heile kjem til å lese denne bloggen, sidan eg er så ufatteleg dårleg til å oppdatere den, men me får sjå.

Mykje har skjedd dei siste månadane, men eg tenkjer ikkje å ta ei oppsummering av dei. I dag har eg ikkje gjort stort, berre lagt heime i senga pga ryggsmarter og magesmerter pga hersens mensen. Temmeleg unødvendig synes eg, men så lenge det ikkje er verre ting eg har å klage på skal eg vel vere fornøgd.

Dagens oppmuntring; Ylvis! Eg ler så mykje av dei to!! For ei gåve dei har fått til å underhalde!
Veit du ikkje kven dei er? Sjekk dei ut på youtube, sjå I kveld med Ylvis på tvNorge mandagar og onsdagar ,eller skaff deg ein billett til showet deira på Edderkoppen teater no i desember. Vel verdt pengane! (noko som minner meg på at eg bør kjøpe meg billett snart sjølv!)

No er klokka blitt halv 3 og eg skal opp klokka 7 for å fare på skulen og innser at eg bør leggje meg til å sove. Ikkje så lett alltid, og det er jo no eg helst vil vere oppe å skrive litt.... jaja, eg får skrive imorgon (og då helst på oppgåvene eg må levere istadenfor noveller eller songar eller andre ting eg heller gjer:p).