tirsdag 11. oktober 2011

Tilbake igjen

Har ikkje hatt lyst til å blogge noko sidan alt skjedde i sommar....... 22.juli var sterkt og umogeleg å beskrive for meg på ein blogg!
Etter det har det vore vanskeleg å kome igong med blogginga, men no gjer eg eit nytt forsøk.

Det er no spanande å sjå om nokon i det heile kjem til å lese denne bloggen, sidan eg er så ufatteleg dårleg til å oppdatere den, men me får sjå.

Mykje har skjedd dei siste månadane, men eg tenkjer ikkje å ta ei oppsummering av dei. I dag har eg ikkje gjort stort, berre lagt heime i senga pga ryggsmarter og magesmerter pga hersens mensen. Temmeleg unødvendig synes eg, men så lenge det ikkje er verre ting eg har å klage på skal eg vel vere fornøgd.

Dagens oppmuntring; Ylvis! Eg ler så mykje av dei to!! For ei gåve dei har fått til å underhalde!
Veit du ikkje kven dei er? Sjekk dei ut på youtube, sjå I kveld med Ylvis på tvNorge mandagar og onsdagar ,eller skaff deg ein billett til showet deira på Edderkoppen teater no i desember. Vel verdt pengane! (noko som minner meg på at eg bør kjøpe meg billett snart sjølv!)

No er klokka blitt halv 3 og eg skal opp klokka 7 for å fare på skulen og innser at eg bør leggje meg til å sove. Ikkje så lett alltid, og det er jo no eg helst vil vere oppe å skrive litt.... jaja, eg får skrive imorgon (og då helst på oppgåvene eg må levere istadenfor noveller eller songar eller andre ting eg heller gjer:p).

2 kommentarer:

  1. Gratulera med nytt innlegg! Godt å sjå at du fremdeles leve, sjøl om mensen kan ta knekken på livsmotet te nåken og ein kver.
    Her i Spanien skine solå, og eg e solbrent. Men ikkje så ille at eg har tenkt å slå te med yoghurt ennå...;) Me må ta oss ein prat snart!

    SvarSlett
  2. hahahahaha, yoghurt ja..... no måtte ej le høgt her! godt det ikkje e så ille då, sjøl om då trur ej du skulle vore døden nær for å prøve d igjen:p
    åh, Spania høyrast så digg ut, sjøl om d no tross alt e flott vær her mæ (bære en smule kaldare kanskje)
    hels Tone Iren, så e d bære å slå på tråden når du e tilbake i moderlandet:)

    SvarSlett