onsdag 16. september 2009

Då har faktiskt Kristin òg oppretta ein blogg! Kanskje er dette litt seint, men betre seint enn aldri=)
Drømmeverden er namnet på bloggen min, trur nesten eg må forandre den til nynorsk tenkjer eg no når eg sitt her og skriv....
men i alle fall er det slik at namnet på bloggen ikkje handlar om at eg gjerne vil ha ei verd som er perfekt, sjølv om det absolutt er eit ønske;) Nei, det har seg slik at eg er altoppslukande når det gjeld ulike verder. Film, tv-seriar og bøker er fulle av verder som eg forsvinn inn i. Eg trur eg har ei eiga evne til å leve meg inn i kva det skullle vere; fantasy, sci-fi, eller kva som helst!
Så bloggen min kjem nok til å handle om alt mellom Himmel og jord, alt på jorda, alt i Himmelen(i alle fall det eg drøymer om skal vere der:P), alt i dei forskjellige draumeverdene og mesteparten i mitt hovud! Ikkje minst det som rører seg i hjerna mi (forresten vanskelig å få tak på korleis tankar blir til....elektriske impulsar og minnelagring er rart!!)
Men ja, det er berre å hengje på framover. Kanskje vert det noko interessant for deg, kanskje ikkje......lov å komme med innspel på ting du vil at eg skal skrive om òg:)
Ha ein strålande dag alle de som har klart å forville dykk inn her!

3 kommentarer:

  1. Som ditt forbilde i ett og alt kan eg jo godt forstå koffor du begynte å blogga akkurat nå...;)

    SvarSlett
  2. AiAiAI!! No he til og med Kristin fått seg blogg. Du verda! Dette her var no gode saker. Ja til nynorsk, ja til interessante ting for oss, og ha ein nydeleg dag du også!

    SvarSlett
  3. Hurraaa for blogg!!

    SvarSlett