torsdag 17. september 2009

Vikingskip

No sidan søndag har me hatt besøk her i Skappels vei 1 av ein amerikanar med namn Conrad, som Mari kjende. Veldig kjekt å ha besøk av nokon ein kan prate så lett med. Me har òg vore turistar i eigen by, var vel på tide for meg å sjå festninga?? ;) Det kan i alle fall anbefalast på det varmaste, kjempeflott der!

Men i går tok me altså turen til Bygdøy og Vikingskipshuset. Osebergskipet var det einast eg kunne huske å ha høyrt om på førehand, men det var jammen mykje å lære der!
Osebergskipet vart funnen i ein gravhaug på Oseberg. Det vart bygd rundt år 820, altså for nesten 1200 år sidan!! Det er heilt utruleg at det kan fortsatt vere i så bra stand som det er!
Og ein annan ting; det vart brukt som gravskip for ei kvinne! Eg har alltid trudd at damene hadde ein lav status i vikingtida, men denne dama hadde høg status!! Ho vart gravlagt i 834, med ei trellkvinne, fleire sleder og maaaange andre gaver!

Skipa skulle vere farkostar for eigarane si siste reise, til dødsriket. Rart at dei vart berre begravd slik, eller haugsatt som det jo heiter;)

Men det eg verkeleg likte, var Thuneskipet, for det var temmeleg øydelagd, og dermed utruleg kult! vanskeleg å forklare kvifor, trur du berre må ta deg ein tur å sjå på det sjølv!!

Hadde store planer om å leggje ut bilder frå turen òg, men foreløpig har eg ikkje klart å laste ned programvaren frå Canon slik at eg kan legge inn bilder på denne dataen...kjipt!


Og ein anna ting; eg såg bilete av læraren min på museet!! Det var i tilkknytning til undersøkjelse av osebergmannen, og korleis ein kunne finne ut mykje om folka ved å studere knoklane deira. Min anatomi-professor er temmelig dyktig kan ein seie=)

Elles er det ikkje dyrt for studentar å ta seg ein tur dit; 35 kroner for oss som ikkje går på UiO, og gratis for dei som faktisk går på UiO, då det er eit universitetsmuseum.... så ta deg ein tur; kjempekjekt!!=)

Bilder kjem forhåpentligvis om ikkje lenge:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar