onsdag 23. september 2009

Keisamt å vere sjuk!

Ja, no har eg hatt verk i kroppen, vore svimmel og kvalm i ca 48 timar, og synes det godt kan stoppe no! I går syns eg faktisk litt synd på meg sjølv då eg ikkje orka noko som helst og berre verka over alt.

Men så kom eg på ein ting; dette var slik eg ofte følte meg i dei foregåande åra då eg var sjuk. Er det ikkje rart at me gløymer ting så lett?
Brått er det vanleg for meg å vere frisk og orka det eg vil, så no er eg blitt slik at det er eit ork å vere småsjuk av influensa. Eg trur eg må bli meir takknemlig for dei mange mange gode dagane eg har no, framfor å fokusere på dei der eg er sjuk. Så no seier eg; jaja, eg har litt influensa (framleis keisamt!), men mange har det verre, og eg er snart frisk att! Takk Gud for at eg er så frisk som eg er, og at eg sikkert er oppe og spring (eh, vel, rettare å sei gå og joggar, men det heiter jo intervalltrening på fint, så då er eg fornøgd:P) rundt Østensjøvatnet om nokre dagar=)

Keisamt å vere sjuk, men du og du kor kjekt det er å vere frisk tross alt!:)

1 kommentar:

  1. Ka kjekt at du he fått blogg da!
    Det visst ej ikkje, so må legge dej til på bloggen min!
    Gratulere:)

    Dumt du e sjuk, håpe det gjenge fort over!
    God bedring

    SvarSlett